• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Studentcharter

Vedteke i høgskolestyret 13.juni 2000

1. Føremål

Studentcharteret inneheld retningslinjer om korleis Høgskolen i Bergen vil følgje opp dokumenta Strategisk plan, Handbok i studiekvalitet og Etiske retningslinjer for Høgskolen i Bergen i høve til den einskilde studenten.

Studentcharteret er tufta på dei verdiane Høgskolen i Bergen ønskjer å fremje: Profesjonalitet i fag og administrasjon, respekt og dialog mellom tilsette og studentar, demokratisk deltaking i læringsmiljøet og i styre, råd og utval ved høgskolen, likestilling mellom kjønna, og det å ta avstand frå seksuell, religiøs og etnisk diskriminering.

Studentcharteret gjev informasjon om

  • rettar og plikter studentane har
  • tenester og service studentane kan vente seg på ulike område
  • korleis studentane kan vere med på å utvikle høgskolen ved å delta i styre, råd og utva
  • korleis studentane aktivt kan fremje sine interesser i høve til høgskolen og styresmaktene
  • korleis studentane skal gå fram om dei ønskjer å ta opp ulike sider ved studiesituasjonen som dei ikkje er nøgde med
  • kva studentar og tilsette kan krevje og vente av kvarandre

2. Undervisning og læringsmiljø

Høgskolen lovar å

  • gje studentane regelbundne høve til å evaluere undervisningsopplegga i dei ulike faga
  • leggje til rette for at lærarane skal - vere opne for dialog om studiekvalitet - be om tilbakemeldingar frå studentane - arbeide målmedvite for å betre undervisninga
  • undersøkje jamleg korleis studentane er nøgde med studiemiljøet og studiekvaliteten
  • følgje opp resultata av student-evalueringar, undersøkingar og tilrettelegging av dialog mellom lærar og student
  • tilretteleggje for eit utviklande samarbeid mellom Høgskolen i Bergen, studentane og arbeidslivet
  • gje nytilsette lærarar utan pedagogisk utdanning opplæring i høgskolepedagogikk, og å gje tilbod om kollegarettleiing
  • stimulere personalet til å halde seg fagleg oppdaterte og å arbeide i samsvar med fastlagde planar
  • leggje til rette for auka bruk av studentaktive læringsformer og IKT-basert undervisning
  • leggje tilhøva til rette for studentar med funksjonshemming
  • leggje til rette for individuell rettleiing under studiet
  • syte for at bibliotek, verkstader og laboratorium er oppdaterte
  • gje studentane fagleg kompetent rettleiing om litteraturval og informasjonsbruk
  • følgje intensjonane i Arbeidsmiljølova når det gjeld studentar i fag der praksis kan medføre fare for liv og helse.
  • utarbeide planar ved kriser og katastrofar
  • gje studentane tilgang til nødvendig IT-utstyr
  • gje kvar einskild student ein konto med passord til bruk på dataanlegget til høgskolen

Høgskolen føreset at studentane

  • brukar høgskolen sitt informasjons-system for å halde seg informerte om studieplan og fagplan, tidsfristar for innlevering av oppgåver, for oppmelding til eksamen, søknad om eksamen under særskilde vilkår
  • set seg inn i studie-/fagplanen og følgjer aktivt det studieopplegget utdanninga har lagt opp til
  • er fagleg aktive og tek del i aktuelle seminar, prosjekt og gruppearbeid
  • deltek i samarbeid mellom HiB og arbeidslivet
  • deltek i evalueringar av under-visning og pedagogiske opplegg og gjer framlegg om betringar i samarbeid med lærarane
  • handlar i samsvar med etiske reglar for god praksis og dei yrkesetiske retningslinene for det yrket dei blir utdanna for
  • set seg inn i dei tilboda biblioteket gjev og dei informasjonskjeldene dei einskilde faga nyttar, anten ved eigen innsats eller ved å følgje avdelingsbiblioteka sine kurstilbod
  • held dei reglane som er fastsette for bruk av materiale bibliotektenesta stiller til rådvelde
  • set seg inn i og held gjeldande IT-reglement

3. Studieadministrasjon og studieleiing

Høgskolen skal syte for at studentane får ei studietid som er organisert slik at studentane alltid veit kva dei har krav på og rett til. Dette skjer m.a. ved at

  • alle nye studentar ved semesteropning får informasjon om studieorganisering, arbeidsformer og velferdstilbod
  • studiestadene har eigne program for studiestart, som gjer det lettare for dei nye studentane å kome i gang med studiet. Desse programma skal også omfatte innføring i studieteknikk, opplæring i bruk av bibliotek og grunnleggjande IKT-kunnskap som inkluderer heimesider og e-post
  • alle studentar i byrjinga av semesteret får planar med oversyn over når undervisning blir gjeven i ulike emne, over kva som er pensum, obligatoriske forprøvekrav og eksamensperioden
  • ttidsfristar for levering av oppgåver, laboratoriejournalar, praksisrapportar, større prosjektarbeid, ekskursjonar m.m. vert gjort kjende seinast ved semesterstart anten ved oppslag, som eigen skriftleg informasjon eller på høgskoleveven
  • informasjonen om studieorganiseringa er tydeleg når det gjeld krav om juridisk bindande obligatorisk deltaking, forventa deltaking, og kva for delar av undervisninga som er tufta på den tradisjonelle førelesingsforma og difor ikkje obligatorisk

Høgskolen i Bergen ventar av studentane at dei

  • sjølve tek ansvar for å setje seg inn i informasjon om eksamen, pensum, oppgåver m.m. ved å lese studie-handbøker, oppslag og informasjon på høgskoleveven, inkludert e-post

4. Rettstryggleik og høve til klage

Høgskolen i Bergen vil sikra at dei rettane studentane har ved lover, forskrifter og reglement vert reelle. Høgskolen vil sjå til at studentane har full rettstryggleik ved at

  • vedtak som gjeld obligatorisk plikt til studiedeltaking, obligatoriske oppgåver, eksamensordningar m.m. er tekne i styringsorgan der studentane er representerte
  • dei får informasjon om ankerett til høgskolen si klagenemnd eller eit overordna styringsorgan
  • avdelingane ser til at studentane gjer seg kjende med vilkår som gjeld eksamen i lov, forskrift og reglement, med særleg vekt på informasjon om fristar for grunngjeving av sensur, klage over sensur, klage over formelle feil ved eksamen, høve til tilrettelagd undervisning og særordningar til eksamen
  • dei vert kjende med den evalueringa som er gjeven av praksisrettleiar/ øvingslærar
  • sensurfristar vert haldne

Høgskolen ventar at studentane

  • set seg inn i lov, forskrift og reglement som gjeld eksamen og klagevilkår (jf høgskoleveven)
  • sjølve syter for å halde fristar som er sette for oppmelding til eksamen, søknad om utvida eksamenstid og/eller særskild tilrettelegging av eksamen, klage på formelle feil ved eksamen, grunngjeving for og klage over sensur

5. Samarbeid, demokrati, medverknad

Høgskolen pliktar å

  • arbeide aktivt for eit godt studiemiljø på alle studiestadene og i alle utdanningane
  • ha ein vev på Internett som er lett å finne fram i, og som gjev studentane all relevant informasjon om studiesituasjonen og om høgskolen. Skriftleg informasjon skal vere lett tilgjengeleg og samsvare nøye med informasjonen på veven og med informasjonen som tilsette gjev munnleg
  • gje studentane gjennom valde representantar høve og rett til å vere med på viktige vedtak om fag- og studieplanar, pensum, undervisning og ressursbruk
  • leggje tilhøva til rette for studentpolitisk verksemd ved sentrale og lokale løyvingar til studentorgana, ved å syte for tenlege kontortilhøve, kontorutstyr og infrastruktur elles
  • ta studentane på alvor og lytte til argument og synspunkt frå studentane og representantane deira på ulike nivå
  • behandle studentane med respekt og omtanke
  • følgje opp så raskt og konstruktivt som mogleg klagar frå studentar

Høgskolen i Bergen ynskjer at studentane

  • engasjerer seg aktivt i studentpolitisk arbeid
  • tek aktivt del i nominasjon og val av representantar til styringsorgan ved høgskolen
  • tek aktivt del i alle evalueringstiltak om korleis det er å vere student, og at dei på ein konstruktiv og sakleg måte seier frå om det som fungerer bra, og om tilhøve dei ynskjer endra

Høgskolen i Bergen føreset at studentane

  • behandlar tilsette, eigne tillitsvalde og kvarandre med omtanke og respekt
  • tek del i samarbeid om å finne fram til felles løysingar.
  • søkjer informasjon og held seg orienterte om studiesituasjonen ved å lese studiehandbøker, oppslag, anten på tavler eller på monitorar, og på høgskoleveven

6. Service og studentvelferd

Lov om studentsamskipnader føreset at Høgskolen i Bergen har eit totalansvar for det heilskaplege læringsmiljøet. Høgskolen er tilslutta Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), og det er eit sjølvsagt krav at SiB leverer dei velferdstenestene studentane ynskjer og at dei har like høg kvalitet som dei tenestene Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole får. Høgskolen i Bergen har plikt til å leggje tilhøva til rette for gode velferdsordningar gjennom fristasjonsavtalar.

Høgskolen pliktar å

  • bruke gjeldande bygningsmessige infrastruktur til beste for den einskilde studenten
  • samarbeide med SiB om utvikling av velferdstilbod som supplerer dei tilboda samfunnet har plikt til å levere
  • vere pådrivar mot Bergen kommune, slik at kommunen vedkjenner seg pliktene sine som vertskommune for studentane ved høgskolen
  • leggje til rette for at SiB kan utvikle velferdstilboda sine i samsvar med dei strategiske prioriteringane til høgskolen

Høgskolen/SiB pliktar å

  • skaffe studentane flest mogleg bustader til ein rimeleg pris relativt nær studiestaden
  • tilby alle studentar eit ernæringsmessig riktig og rimeleg mattilbod i trivelege omgivnader
  • skaffe relevant pensumslitteratur for studentane til konkurransedyktige prisar og til rett tid gjennom bokhandelen (Studia) i samsvar med spesifikasjonar frå høgskolen
  • gje studentane tilbod om psykologteneste og rettleiing i personlege problemsituasjonar
  • gje studentane tilbod om økonomisk tilskot ved store helseutgifter, og å dekkje eigendelen studentane betaler ved legetilsyn, i samsvar med satsane i folketrygda
  • gje studentane tilbod om fysiske og sosiale aktivitetar
  • gjennomføre brukarundersøkingar og evalueringar som i neste instans kan vere grunnlag for utvikling av kvalitetsstandardar på alle velferdsområda

Høgskolen/SiB ventar at studentane

  • ser det som naturleg at undervisning-og velferdstilboda vert brukte fullt ut i heile opningstida ved høgskolen, og tek ansvar for at lokala er ryddige etter bruk
  • sjølve engasjerer seg i friviljuge organisasjonar og aktivitetar og slik styrkjer den totale studentvelferda
  • sjølve er aktivt med på å etablere studiemiljø som fremjar god fysisk og psykisk helse
  • vel å bruke SiB sin bokhandel når denne har konkurransedyktige prisar. Overskot frå drifta styrkjer velferdsarbeidet
  • arbeider aktivt for å halde oppe eit godt miljø på matstadene ved å rydde i samsvar med gjeldande rutinar

Lover, forskrifter og reglement

Du finn meir informasjon på student.hib.no

 

Sist endret: 04.05.2010