• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Strategisk plan for Høgskolen i Bergen 2011–2015

Om Høgskolen i Bergen

Utdanningstilbodet ved Høgskolen i Bergen dekkjer profesjonsutdanningar innanfor helse- og sosialfag, ingeniørutdanning, økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning. Høgskulen tilbyr utdanning på bachelor- og masternivå, ei rekkje etter- og vidareutdanningar, og arbeider for å etablera doktorgradsutdanning.

Forsking, utvikling, nyskaping og kunstnarleg utviklingsarbeid (FoU) ved høgskulen er forankra i profesjonsfaga. Høgskulen formidlar kunnskap om FoU-resultata sine tilpassa ulike målgrupper, nasjonalt og internasjonalt.

Høgskolen i Bergen er ein av dei store høgskulane i Noreg, med om lag 7000 studentar og 700 tilsette. Høgskulen har god søkning til utdanningane, veksande FoU-verksemd og høg og aukande kompetanse i personalet.

Høgskulen har tre avdelingar:

Ved høgskulen er det etablert faglege senter som skal stetta aktuelle behov i samfunnet, samstundes som dei medverkar til å konsentrera kompetanse på område som høgskulen ønskjer å vidareutvikla og spissa.

Strategisk plan for Høgskolen i Bergen 2011–2015

Visjon

Profesjonskompetanse for framtida gjennom kunnskap, kultur og nyskaping.

Verdigrunnlag

Arbeidet ved Høgskolen i Bergen skal byggja på humanistiske verdiar. Berekraftig utvikling, nytenking og høg etisk standard skal prega utdanning, FoU-verksemnd og forvaltning. Høgskulen skal vera open mot omverda, og ha eit lærings- og arbeidsmiljø der studentar og medarbeidarar kjenner seg respekterte og likeverdige, er engasjerte i målretta arbeid og frie til å delta i open og kritisk dialog.

Ambisjon

Høgskolen i Bergen skal utdanna høgt kvalifiserte, sjølvstendige, reflekterte og etisk bevisste kandidatar. Høgskulen skal vera ein attraktiv og anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon som legg vekt på kvalitet i utdanning og nært samarbeid mellom studentar og tilsette.

Høgskulen skal ha sterke og dynamiske miljø innanfor utdanning, FoU og formidling, som samarbeider med anerkjende nasjonale og internasjonale institusjonar.

Høgskulen skal ha gjennomgåande utdanningsløp, frå bachelor- via master- til doktorgrad. Eit internasjonalt perspektiv skal vera integrert i all verksemda ved høgskulen.

Høgskulen skal ta eit regionalt ansvar som førande innanfor utdanning og FoU-verksemd i dei profesjonsområda vi utdannar for.

Ved slutten av planperioden skal høgskulen:

  • Ha heva utdanningskvaliteten ved å leggja vekt på studiekvalitet og studentmedverknad, og slik sikra godt omdøme og gode søkjarar
  • Ha styrkt forskingskompetansen og betra forskingsresultata
  • Ha utdanningar og FoU-miljø som er synlege og konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt
  • Ha styrkt rolla som kunnskapsleverandør til samfunns- og næringsliv i regionen innanfor kompetanseområda til høgskulen

I planperioden skal høgskulen flytta til nytt bygg på Kronstad. Gjennom samlokaliseringa skal høgskulen heva kvaliteten i utdanning og forsking ved å vidareutvikla ein felles identitet og auka tverrgåande samarbeid.

Innan ti år skal høgskulen ha bygt tilstrekkeleg kompetanse til å bli eit universitet med forsking, utviklingsarbeid og formidling retta mot yrka vi utdannar for.

Fagleg profil

Utdanning og forsking ved høgskulen skal dekkja kunnskapsbehov i samfunnet, og hjelpa til å møta både lokale og globale utfordringar knytte til mellom anna klima, energi, velferd, fattigdom, utdanning og demografiske endringar. Dette utgjer den faglege profilen til høgskulen:

  • Teknologi, økonomi og innovasjon: Kunnskapsutvikling for eit nyskapande samfunns- og næringsliv
  • Energiteknologi: Kunnskapsutvikling for berekraftig produksjon og effektiv bruk av energi
  • Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: Utdanning og forsking innanfor programutvikling med vekt på distribuerte IKT-system og teknisk bruk av slike system
  • Kunstfag: Utvikling av skapande kompetanse knytt til form, innhald og formidling
  • Utdanningsvitskap: Utforsking av møte mellom utdanning, vitskap og yrkespraksis
  • Kunnskapsbasert praksis: Eit grunnlag for kvalitet i utdanning og profesjonsutøving
  • Omsorgsforsking: Kunnskapsutvikling for heilskaplege omsorgstenester, med særleg vekt på tenester for eldre
  • Samfunnsarbeid: Kunnskapsutvikling for å førebyggja og snu negative sosiale prosessar i lokalsamfunn i samspel med medlemene i det aktuelle miljøet

Utvikling av doktorgradsområde

Høgskulen skal byggja opp fire doktorgradsutdanningar som skal vera knytte til profesjonsutdanningane. Høgskulen har byrja utviklinga av tre doktorgradsprogram, eitt ved kvar av avdelingane, og skal utvikla eit fjerde doktorgradsområde, som skal vera avdelingsovergripande og tverrfagleg.

Målområder

1. Utdanning og læringsmiljø
2. Forsking, utvikling, nyskaping, kunstnarleg utviklingsarbeid (FoU)
3. Samhandling med samfunns- og næringsliv
4. Leiing, organisasjonsutvikling og forvaltning

Oppfølging

Den strategiske planen skal rullerast ved behov, og minst anna kvart år. Den skal følgjast opp gjennom handlingsplanar, årsplanar, budsjettdokument og styrevedtak. Det skal årleg leggjast fram ein rapport om status for måloppnåing for styret.

Planen er vedteken 03.11.2010, og gjeld frå 01.01.2011 til 31.12.2015.

Sist endret: 09.05.2011