Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Høgskulen i Bergen blir Høgskulen på Vestlandet

HiSF, HiB og HSH fusjonerer og skal saman danne Høgskulen på Vestlandet (HVL). Den nye institusjonen trer i kraft frå 1. januar 2017.

Med om lag 16 000 studentar vil Høgskulen på Vestlandet bli ein av dei største institusjonane innan høgare utdanning i Noreg.

Profesjonsutdanningane våre, som lærar-, helse- og ingeniørutdanning, vil framleis vere ryggraden i verksemda vår. 

Når vi no samlar oss, er det for å bli ein endå viktigare og meir tilgjengeleg samarbeidspartnar for samfunns-, arbeids- og næringsliv på Vestlandet.

Den nye høgskulen har ein klar ambisjon om å bli eit landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil, og ønskjer å prege utviklinga av Vestlandsregionen.

Dette er den nye høgskulen i korte trekk:

  • Høgskulen på Vestlandet blir ein profesjonshøgskule med om lag 16 000 studentar
  • Høgskulen får fem studiestader: Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. Det vil seie at alle dagens studiestader består.
  • Høgskulen skal tilby utdanning på masternivå på alle studiestadene.
  • Høgskulen får tilsett rektor og ekstern styreleiar. Rektor får hovudarbeidsplass i Bergen, og prorektorane skal ha sete i og ansvar for sin nærregion.
  • Høgskulen vil ha tre såkalla nærregionar: Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.
  • Det blir ikkje endringar i studietilbodet på kort sikt. Første felles opptak blir i 2018.
  • Nynorsk blir hovudmålforma for den nye institusjonen.
  • Engelsk namn: Western Norway University of Applied Sciences
  • Forkorting på norsk og engelsk: HVL