Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Bergen
Foto: Harald M. Valderhaug

Fusjon vedteken i kongeleg resolusjon

Kongen i statsråd har i dag bestemt at Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund frå 1. januar 2017 blir slått saman til ein høgskule – Høgskulen på Vestlandet.

Statsråd vart halde på Oslo slott 17. juni 2016, og følgjande vedtak er offentleggjort:

«Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund blir organisert frå 1. januar 2017 som ein høgskule under namnet Høgskulen på Vestlandet.»

Kunnskapsdepartementet har og kunngjort at dei gir 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga i 2016.

– Etter samanslåinga kan Høgskulen på Vestlandet sjå utdannings- og kompetansebehov i vestlandsregionen under eitt. Eg har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Høgskulen på Vestlandet skal ha som ambisjon å vidareutvikle studiestadene slik at den regionale rolla blir teken enda betre vare på enn i dag. Den nye høgskulen vil ha utdanning på masternivå på alle studiestadene.

– Høgskulen på Vestlandet vil ha eit klart mål om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Eg støttar dette målet. Eg er også glad for at Høgskulen på Vestlandet frå starten viser eigenart ved å ha nynorsk som primærarbeidsspråk, seier kunnskapsministeren.