Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Utviklingsmidlar til samarbeidsprosjekt mellom høgskulane og Bergen kommune

Kvart studieår blir ca ein million kroner fordelt til prosjekt som fremjar samarbeid og bidrar til å utvikle praksisfeltet som læringsarena for studentane.

Viktig  melding for 2017: 

Det blir ikkje lyst ut midlar til samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og høgskulane i Bergen våren 2017. 

Om utviklingsmidlane

Utviklingsmidla er retta mot samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Høgskolen Betanien, Haraldsplass diakonale høgskole og Høgskolen i Bergen.

Tilsette ved dei aktuelle høgskulane og tilsette i Bergen kommune sine helse- og sosialtenester som har studentar frå ein eller fleire av høgskulane i praksis, kan søkje om utviklingsmidlar i fellesskap.

Tildeling 2015/16 - 2016/17

Det har vore lyst ut utviklingsmidlar til samarbeidsprosjekt for perioden studieåra 2015/16 – 2016/17. Søknadsfristen var 1. mars 2015.

Under "Sentrale dokument" i margen til høgre er lenke til oversikt over kva prosjekt som er tildelt midlar for denne perioden

Beløp det kunne søkast om: frå kr 100.000 - 300.000

Ca. kr 1.000.000  for kvart av studieåra 2015/16 og 2016/17 skal gå til prosjekt som fremjer samarbeid og bidreg til å utvikle praksisfeltet som ein enno betre læringsarena for studentane. Midla kan søkast i fellesskap av tilette ved høgskulane og tilsette i Bergen kommune sine helse- og sosialtenester eller tilsette ved private institusjonar som har tilslutta seg samarbeidsavtalen. Det er ein føresetnad at ein har studentar frå ein eller fleire av høgskulane i praksis.

Generelt vert det gitt midlar til kompetanseheving og fagutvikling, ikkje til «overhead-utgifter», FOU arbeid eller anna arbeid som ligg innanfor pålagte oppgåver.

Det har vore stor interesse for denne moglegheita til å samarbeide om fagleg utvikling knytt til studentane si praksislæring ved tidligare utlysingar av utviklingsmidlar.

Rapportering

Prosjektleiare for prosjekt som får tildelt midlar, vil bli invitert til møte for rettleiing om rapporteringar. Du kan også lese retningslinjene for detaljert informasjon. 

Ta gjerne kontakt med sekretariatet v/Anne Charlotte Skahjem.

Lover og forskrifter

Prosjektleiaren er ansvarleg for at gjeldande lover og forskrifter er avklarte før prosjektet blir starta, og at lover og reglar blir følgde. Dette gjeld også eventuell godkjenning av prosjektet hos REK-Vest eller NSD/Datatilsynet.

Utviklingsmidlar

Midla som tidligare blei brukt til praksisrettleiing skal fordelast til helse- og sosialfaglege prosjekt og samarbeidstiltak som fremjer sterkare samarbeid mellom utdanning og praksis.