Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk

Praksisopplæring i GLU 5–10

Informasjon om rammene for praksisopplæring i grunnskulelærarutdanninga 5.–10. trinn (GLU 5-10) for praksislærarar og skuleleiarar

Her finn du retningslinjer for praksis, emneplanar, tidspunkt for praksisperioder og møte, vurderingsskjema, informasjon om rettleiarutdanning, kontaktinformasjon og råd om førebuingar, rettleiing og vurdering.

Retningslinjer for praksis og emneplanar

Retningslinjene for praksis gir dei formelle rammene for praksisopplæringa og er eit viktig dokument du som praksislærar og praksisskuleleiar forheld deg til. Retningslinjene beskriv organisering og ansvarsfordeling for praksisopplæringa i GLU.

Emneplanane for praksis gir ei beskriving av læringsutbytta for praksis det enkelte studieår. Dette dannar grunnlag for den vurderinga du som praksislærar skal gjere av studenten: 

Retningslinjer for praksisførebuingar, rettleiing og vurdering

Som tillegg til plan for praksis har me utarbeidd retningslinjer og råd for:

Avtalar og økonomi

På sida for avtalar, økonomi og planlegging har me samla informasjon som er spesielt relevant for deg som skuleleiar og praksiskoordinator. Her finn du informasjon om avtaleverk, prosedyrar og nødvendige skjema for planlegging av praksis neste skuleår.

Samordningsutval for praksis i grunnskulen

Samordningsutvalet for praksis i grunnskulen er eit rådgjevande organ som skal sikre at praksisopplæringa blir utvikla og betra i samarbeid mellom praksisskulane og høgskulen.

Evaluering av praksis

Studentane skal evaluere praksis, både gjennom undersøkingar på It's learning og gjennom direkte tilbakemeldingar til praksislærar og praksisskule. Meir informasjon om studentane si evaluering av praksis finn du på GLU-sida for studentar. På denne sida kan du også gjere deg kjent med informasjon om studentane sine rettar og plikter.