Studentbyen Bergen
Studententer er en synlig del av bybildet i Bergen. Foto: Mauricio Pavez Fritidsbyen Bergen
Bergen ligg nydeleg til ved kysten, omkransa av fjell, og med havet og fjorden som ein frisk, open port mot vest.
Frå naturen si side er Bergen velsigna med fritids- og rekreasjonstilbod som er heilt unike til ein storby å vere. Turområda i byfjella er blant dei flottaste i landet, og ein frisk fjelltur er aldri lenger unna enn 15 minutt, uavhengig av årstid.
Skimetropolen Voss og populære Kvamskogen er berre ein time unna med buss eller tog, med velpreparerte alpinløyper med flomlys og nydeleg turterreng. Geilo når du med tog på komfortable 3,5 timar.
Den bergenske skjergarden er dessutan eit eldorado for fiskeinteresserte.
Bergen er også ein stor idrettsby. Både fotball, basket og handball er store idrettsgreiner her.
I tillegg er klatremiljøet i Bergen godt, noko som er ganske naturleg med fjell overalt. Kampsportmiljøet er også stort.
Kulturbyen Bergen
Det kreativt skapande musikkmiljøet i Bergen trekker til seg artistar og musikarar frå både inn- og utland.
Koengen, som er ein del av festningsområdet ved Bergenhus festning, blir mykje brukt til store utandørskonsertar i sommarhalvåret. Fleire store namn som Rihanna, Coldplay, Metallica, Bruce Springsteen og Iron Maiden har spelt der i løpet av dei siste åra.
I tillegg er det eit mylder av større og mindre konsertar å få med seg gjennom heile året. Mange av dei blir arrangert av Hulen og Kvarteret, som i hovudsak vert drivne av frivillige studentar.
Byen byr også på fleire årlege musikkfestivalar med fokus på alt frå jazz og samtidsmusikk, til pop, rock og metal.
Bergen er også heim for Den Nye Opera, Bergen Filharmoniske Orkester og Den Nationale Scene.
Studentbyen Bergen
Omlag 30 000 studentar frå heile landet og frå heile verda har vald Bergen som studiestad. Det set sitt preg på stemninga i byen. Det er alltid noko å ta seg til, og mange av tilboda er retta spesielt mot studentane. Mykje skjer på dei typiske studentstadene - her er det ikkje berre konsertar, men også tilbod som filmklubb, teater og debattar i regi av Studentersamfunnet.
Trivsel må til for å skape gode resultat. Høgskolen i Bergen har saman med studentorganisasjonane, over år bygd opp eit godt sosialt nettverk og fritidstilbod for studentane.
Studentsamskipnaden har mellom anna seks treningssenter, ein symjehall og fleire klatreveggar. I tillegg leiger dei ut studentbustadar og driver kantiner ved nesten alle studiestadane i byen.
Du kan lese meir om det å vere student i Bergen på nettsidene til Utdanning i Bergen. Der finn du også informasjon om studenttenestar som blant anna korleis du kan finne deg ein stad å bu.
Utdanning i Bergen er et samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Bergen, Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen, de kristne høgskolene i Bergen, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Bergen næringsråd.
Sist endret: 20.01.2012