Overflytting til Institutt for økonomisk-administrative fag
Studentar som har bestått eitt eller to år av eit bachelorstudium i økonomi og administrasjon ved ein annan høgskule, kan fortsette studia sine ved institutt for økonomisk-administrative fag ved Høgskolen i Bergen. Dette kan gjerast på to måtar:
Fritak
Du kan søkje om opptak til 1. år på ordinært vis gjennom Samordna Opptak, og deretter søkje fritak på grunnlag av dei fagene som er avlagt ved andre høgskular.
Fritakssøknader vil normalt bli innvilga dersom det faglege innhaldet og omfanget av faget tilsvarar fagleg innhald og omfang av det faget det blir søkt fritak for. Det vil ikkje bli gitt fritak for fag frå ein annan høgskule dersom faget bare dekkjer delar av fag/emne ved Høgskolen i Bergen.
Overflytting/innpassing
Du kan søkje om overflytting til 2. eller 3. år ved å søkje direkte til oss.
Overflytting til 2. år er kun mogleg dersom det er ledig plass i den aktuelle klassen. Studenten må ha bestått 1. år av samme studium ved ein annan offentlig høgskule i Norge. Studiet ved den andre høgskulen må normalt kvalifisere til fritak i minst 50 studiepoeng frå 1. år av studiet ved Høgskolen i Bergen.
Overflytting til 3. år er bare mogleg dersom det er ledig plass i den fordjupningsretninga studenten ønskjer.
Dersom studenten oppfyller krava til å få vitnemål for 2-årig høgskulekandidatutdanning ved ein annan høgskule, kan dette innpassast ved Høgskolen i Bergen som ei blokk på 120 studiepoeng. Studenten kan likevel bli pålagt eit særskilt opplegg 3. studieåret for å inkludere fag som manglar i forhold til studieplanen ved Høgskolen i Bergen. Det kan også være aktuelt å tilpasse opplegget 3. året dersom studenten har hatt fag ved den andre høgskulen som er obligatoriske i 3. året ved Høgskolen i Bergen.
Studentar som bare har mindre manglar for å oppfylle alle krava til 2-årig høgskulekandidat ved ein annan høgskule, kan eventuelt innpassast ved Høgskolen i Bergen etter særskilt vurdering.
Søknad
Det er laga eit eige søknadsskjema:
Søknaden skal leverast samen med attesterte kopiar av:
- Vitnemål frå videregåande skole
- Karakterutskrift frå høgskulen du går på i dag
- Oversikt over kva emne du skal avleggje eksamen i
- Aktuelle framstillingar av fag
Søknad om overflytting sender du til:
Høgskolen i Bergen
Avdeling for ingeniørutdanning
Postboks 7030
5020 Bergen
Frist for å søkje om overflytting: 15.05.
Spørsmål?
Kontaktperson i Studenttorget: Kari Smørås Brakstad, tlf. 55 58 75 10.
Instituttleiar: Terje Simonsen,
tlf. 55 58 77 17.
Sist endret: 13.04.2011
