• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Opptakskrav

For grunnutdanning blir det kravd generell studiekompetanse. Til visse studium er det særskilde krav. Dette finn du meir om under den enkelte utdanninga.

Generell studiekompetanse får du med:

  • Fullført og bestått treårig vidaregåande opplæring eller
  • Fagbrev, eller
  • Fylte 23 år og 5 års fulltidsarbeidserfaring/ fullført skulegang, inkludert omsorgsarbeid og førstegongsteneste (militær/sivil)

Følgande fag må i alle tilfelle vere dekte:

  • Norsk (14 timar)
  • Engelsk (5 timar)
  • Matematikk (5 timar)
  • Naturfag (5 timar)
  • Nyare historie (4 timar)
  • Samfunnslære (2 timar)

Realkompetanse

Realkompetanse gjer det mogleg å bli tatt opp for søkarar utan generell studiekompetanse. Dette gjeld søkarar som har anna utdanning og-eller yrkeserfaring for eit bestemt studium. Du må vere fylt 25 år for å bli vurdert etter denne regelen. Det er den enkelte lærestaden som vurderer om du er kvalifisert.

Videreutdanning

For vidareutdanning blir det normalt kravd fullført grunnutdanning. Opptakskravet finn du under det enkelte studietilbodet.

Sist endret: 14.09.2007