Spesielle reglar ved opptak
Spesiell vurdering
Søkjarar kan be om spesiell vurdering når særleg tungtvegande grunnar gir grunn til å tru at søkjarens opptaksgrunnlag ikkje gir eit riktig bilete av kvalifikasjonane.
Søkjarar som ikkje kan poengbereknast
Søkjarar som fyller opptakskravene på andre måtar enn gjennom fag i norsk vidaregåande skule, søkjarar som har utdanning frå utlandet (utenfor Norden), søkjarar som har utdanning frå Rudolf Steiner-skole eller realkompetansesøkjarar kan ikkje poengbereknast på vanleg måte.
Kvalifiserte søkjarar blir rangert i forhold til poengberekna søkjarar etter skjønnsmessig vurdering.
Førehandsløfte
Søkarar som kan dokumentere at dei treng raskt svar, kan få førehandsløfte. Slikt førehandsløfte blir gitt til søkjarar som ved opptakstidspunktet har ein konkurransepoengsum som er høgre enn gjennomsnittet for dei som blei tatt opp til studiet ved siste ordinære opptak.
Førehandsløfte blir ikkje gitt i lokalt opptak.
Utsett studiestart
Studentar som av tungtvegande grunnar ikkje kan møte til studiestart, kan søkje om utsett studiestart. Send søknad med dokumentasjon av årsaka til opptak@hib.no
Ferie blir ikkje rekna som tungtvegande grunn. Søkarar som ikkje møter på høgskulen ved studiestart, mister studieplassen, om ikkje høgskulen har godkjent fråveret.
Reservert studieplass
Tildelt studieplass kan reserverast til året etter dersom det kan dokumenterast tungtvegande grunnar. Slike grunnar kan vere millitær-/ sivilteneste, svangerskap eller langvarig sjukdom/sjukehusopphald.
Forskrifter
Sist endret: 04.08.2011
