• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Idrettspsykologi

Idrettslege topprestasjonar er ikkje berre resultat av fysiologiske kvalitetar og tradisjonelle treningsmetodar, men i minst like stor grad av psykologisk innsikt og utøvaren sin mentale styrke. Pedagogiske evner og kunnskapar betyr mykje. Utviklinga av det heile mennesket står sentralt - både i kroppsøvingsfaget og i den frivillige idretten.

Studiet idrettpsykologi vender seg til idrettsutøvarar, trenarar og kroppsøvingslærarar som ønskjer kunnskapar innan idrettspsykologi.
Studiet gir ei grunnleggjande innføring i idrettspsykologisk teori knytt til det frivillige idrett og kroppsøvingsfaget i skolen. I studiet inngår diskusjonar på nett og arbeid med oppgåver.

Sentrale emne i studiet er motivasjon/meistring, konkurransepsykologi, persepsjon, emosjonar/mental trening, gruppepsykologi og læring av rørsler (motorisk læring).

Les mer om studiet.

Hva blir du kvalifisert for?

Studiet gir grunnlag for vidaregåande studium i idrett på universitets- og høgskolenivå. Gjennom ulike idrettspsykologiske og pedagogiske problemstillingar vil du få verdfull kunnskap og innsikt som du vil ha praktisk nytte av som trenar, som aktiv idrettsutøvar og som kroppsøvingslærar.

Utdanningen

Studiet går over eitt semester. Det er fullt ut nettbasert, og kan gjennomførast frå heim eller arbeidsplass med internettilkopling. Faget kan inngå i ein universitets-/ høgskolegrad. Evalueringsforma er mappeevaluering. Studiet er svært godt eigna for deltidsstudentar med yrkeserfaring som for eksempel trenarar eller toppidrettsutøvarar.

Hvordan lærer du?

Det nettbaserte studiestøttesystemet "It's learning" blir nytta til å utveksle informasjon og til studentoppfølging.

Kontaktinformasjon

Avdeling for lærarutdanning:
e-post: al-kursogoppdrag@hib.no
Telefon: 55 58 59 99

Fagleg kontaktperson: Jan Emil Ellingsen
e-post: jel@hib.no
Telefon: 55 58 58 42

Institutt/program

Database oppdatert: 17.08.2010