Hopp til globalmeny Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk
Shopping i Bergen

Student i Bergen

Om lag 30 000 studentar har valt Bergen som studiestad. Det set sitt preg på stemninga i byen.

Natur og idrett

Bergen ligg nydeleg til ved kysten, omkransa av fjell og fjord. Ein frisk tur i byfjella er berre eit kvarters tid unna uansett årstid.

Voss og Kvamskogen er ein time unna med buss eller tog, med velpreparerte alpinløyper med flomlys og nydeleg turterreng.

Brann Stadion er næraste nabo til høgskolens campus på Kronstad, og fotball, basketball og håndball er store idrettsgreiner i Bergen. I tillegg er klatremiljøet i Bergen godt, noko som er ganske naturleg med fjell overalt. Kampsportmiljøet er også stort.

Konsertar og festivaler

Bergen er kjend for sitt musikkmiljø, og byens konsertscener trekkjer til seg artistar og musikarar frå inn- og utland. 

Koengen er mykje brukt til store utandørskonsertar i sommarhalvåret. I tillegg er det eit mylder av større og mindre konsertar å få med seg på scener som USF Verftet, Garage og studentdrevne Hulen og Kvarteret og høgskolens eigen Kronbar.

Byen byr også på fleire årlege musikkfestivalar innan dei fleste genre, som til dømes BergenFest, Festspillene og NattJazz.

Film, scene og uteliv

Er du interessert i klassisk musikk og teater, finn du Den Nye Opera, Bergen Filharmoniske Orkester og Den Nationale Scene her.

For den filminteresserte er Bergen internasjonale film festival (BIFF) eit høgdepunkt. Revy og stand up får du mellom anna på Ole Bull Scene og Ricks.

Studentersamfunnet i Bergen inviterer til møter og debattar fleire dager i veka med profilerte politikere, akademikere og samfunnsdebattantar. Litteraturhuset har også debattar, foredrag og andre arrangementer.

For quiz-elskaren er det fleire alternativ – mellom anna på utestadene Café Opera, Kvarteret, Bien og Inside.

Studentbyen Bergen

Du kan lese meir om det å vere student i Bergen på nettsidene til Utdanning i Bergen. Der finn du også informasjon om studenttenestar som blant anna korleis du kan finne deg ein stad å bu.

Utdanning i Bergen er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Bergen, Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen, dei kristne høgskolene i Bergen, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Bergen næringsråd.